Å trena er meir populært enn nokon gong, og ungdomane i Aurland legg gjerne inn ei basisøkt i tillegg til andre treningar som dei er med på. Mellom 30-40 gutar og jenter i alderen 12-16 år stiller på den timeslange økta med styrke-, spenst-, koordinasjon- og reaksjonstrening kvar måndag, og får såleis øva på ferdigheitar dei treng i alle idrettar. Etterpå reiser nokre av dei eldste i treningsrommet, andre spelar hanball og heile gjengen har hatt ein god start på «arbeidsveka». Å trena allsidig er lurt, og å gjera det i lag på tvers av alder og kjønn ser ut til å vera kjekt. 
