«Den viktigaste treninga føregår mellom dei organiserte øktene…», sa Kaggestad då han heldt eit engasjerande foredrag om trening på tvers av idrettane i Sogndal i helga. Den kjende trenaren, utøvaren og TV-profilen har vore innom mange ulike idrettar, og har stor erfaring å visa til når han uttaler seg om emnet. Hovudpoenga hans var at barn og ungdom kan trena mykje, men aktiviteten må vera variert. Basisøvingar er viktig, og dei unge kan med stor fordel delta i fleire idrettar. Etter innlegget til Kaggestad kunne ein observera ei 2-timars basistrening med 50 unge i alderen 12-16 år i hallen. Her var utøvarar frå heile fylket samla til trening på tvers av særidrettane, og det var mange gode tips å ta med. Også tre gutar frå Aurland IL deltok i opplegget. Den tidlegare spydkasteren, Mathias Lilleheim frå Olympiatoppen, og alpintrenar Even Hole hadde regien.

