Laurdag 20. januar var det klart for minihandballturnering i Aurlandshallen. Aurland stillte med tre lag denne gongen, J9, G9 og Mix 6 år. Veldig kjekt at me klarte å få til ein 1. klasse lag og denne gongen, og den gjengen blomstra på bana. Me hadde besøk av Årdalstangen og Jotun, og fekk ein dag med mykje god handball. Det var full tribune store deler av dagen – god stemning. Ungdommen var med, som lagleiarar, dommarar, sekretariat og kioskvakter. God dugnadsinnsats i gruppa gjorde at me fekk eit flott arrangement.

