Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Miniputtfotball 2018

Posted on 23/04/2018

Treningstider:

Miniputt Fotball for alle born i født 2008-2012 startar opp den 25.04.18. Treningstid er onsdagar frå kl 18-19.00 på grasbana i Aurland. Det er berre å møte opp! Det er ikkje naudsynt med påmelding på førehand.

Treningsavgift:
Pris for å delta på barneaktivitet i Aurland idrettslag er kr 250,- i treningsavgift og kr 150,- i medlemskontingent. For 400,- kan barnet delta i alle aktivitetar for den aktuelle aldersgruppa. Idrettslaget treng følgjande informasjon om medlemmar:
-Navn på barnet
-Navn på føresette
-Fødselsdato til barnet
-Adresse

Turneringar:
Det blir arrangert 4 turneringar i løpet av sesongen.

Oversikt over turneringar i 2018:

06.05.18 Lærdal
10.06.18 Aurland
02.09.18 Årdalstangen
23.09.18 Øvre Årdal

Foreldre organiserer transport til turneringane sjølv. Fotballdrakt og shorts får ungane låne av idrettslaget. Fotballsokkar og sko må alle syte for sjølve. I samband med heimeturneringa 10.juni må alle føresette, til ungar på miniputt, rekne med å få tildelt oppgåver under arrangementet. Oppgåver blir fordelt av styret.

Vi ynskjer velkommen til ny miniputtsesong!

Britt Julusmoen Bakk
Leiar i Miniputt Fotball AIL

  • 2018
  • miniputt
©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded