Åmund Lie (15) deltok i sitt aller første motbakkeløp nokon gong, og fekk den gode tida 45.03 i Storehaugen Opp i Lærdal den 10. mai. Det heldt til ein flott 3.plass i klasse 16-19 år. Olav Terum heldt så vidt Åmund bak seg, og blei nr. 2 i klasse 55-59 år med 44.42. Torkil Sekkingstad Terum, som også var med i oppgjeret om å bli beste aurlending, kom inn på 45.14 og landa midt på lista i den sterke 20-34 årsklassen. Løpet er 3,7 km langt og har målgang på Storehaugen 908 moh. Laurdag 28.juli kan du delta i motbakkeløp med både tur- og konkurranseklasse i Aurland. Då har me vårt eige arrangement, E-CO Rimstigen Opp, frå Bakka til Rimstigen 725 moh. (Foto: Victoria Hovland). 

