Kristiane Sekkingstad Terum og William Berge Bjelland, begge klasse 18/19 år, deltok i helga på Framolekene, Vestlandets største friidrettsstemne. William, som nyleg har meldt seg inn i Aurland IL, deltok i sitt første friidrettsstemne nokon gong, og hadde ein flott debut på 200 m fredag kveld. Tida blei gode 24.49, berre 6/10 bak UM-kravet. Det heldt til ein fin 6.plass, berre 7/100 frå 4.plass. Også Kristiane sprang 200 m, og blei nr. 3 med tida 27.00, kring halvsekundet bak pers. På søndag var det 400 m, og denne dagen eit hakk opp på pallen med tida 60.30, som er 1,2 sek etter bestenoteringa frå 2016. William sprang søndag 100 m, og tida 12.34 var ein OK debut på distansen.



