Pages Navigation Menu

Ein varm E-CO Rimstigen Opp

Ein  varm  E-CO  Rimstigen  Opp

Då er den 7. utgåva av E-CO Rimstigen Opp gjennomført. Som tidlegare år glei arrangementet knirkefritt, og flinke funksjonærar gjorde ein kjempejobb. Deltakarane kom med gode tilbakemeldingar, og både turgåarar og konkurranseløparar hadde ein fin dag på Bakka. Som før toppa sterke motbakkeløparar i noregseliten resultatlista, men også fleire aurlendingar var på startstreken. Mellom anna hadde Sander S. Terum, Mario B. Midje, Torkil S. Terum, Olav Terum og Anders Veum eit knallhardt oppgjer om å bli beste aurlending. Sander stakk til slutt av med den interne sigeren. Også Sigve Vikesland og Asbjørn R. Marsh (14 år) stilte til start, noko som var svært kjekt. Vinnarane av løpet blei Lars E. Skjervheim frå Voss og Anita I. Lilleskare frå Bergen. Ordførar Noralv Distad tok som fleire gonger før turen til topps, og delte til slutt ut premiar nede ved grendahuset på Bakka. Dei aller fleste tok dessutan ein forfriskande dukkert i fjorden etter løpet og kjøpte seg betasuppe og anna godt av Bakka Grendalag, som stod for matsal. 

468 ad