Pages Navigation Menu

Gjorde gode løp i Galdane Rundt

Gjorde  gode  løp  i  Galdane  Rundt

Mario Midje Baltov og Olav Terum deltok laurdag 22. september i det flotte terrengløpet Galdane Rundt i Lærdal. Den kuperte rundløypa er kring 8,7 km lang og har nokre tøffe motbakkar, korte parti med flatare sti og heftig unnaløping mot mål. Heile 71 personar stilte i konkurranseklassen. Mario fekk den gode tida 39.17 og blei nr. 4 i klasse 23-34 år. Målet var å bryte 40-minutt-grensa, så eksboksaren frå Vassbygdi var godt nøgd. Olav kom i mål 1 min 50 sek etter Mario, og med tida 41.07 vart det klar siger i klasse 55-59 år. Alle resultata ligg her.

 

 

468 ad