Pages Navigation Menu

Til topps i motbakkeløp

Til  topps  i  motbakkeløp

Motbakkesesongen er i gang, og Olav Terum, Mario B. Midje og Torkil S. Terum er å finna på resultatlistene i Stalheimskleiva Opp og Storehaugen Opp. Det store prestisjeoppgjeret vert i E-CO Rimstigen Opp den 27. juli, men alle tre karane viser gryande form. Olav drog det lengste strået i Stalheimskleiva Opp, der han vann klasse 60-64 år, og heldt Mario så vidt bak seg i den bratte løypa. I Storehaugen Opp i Lærdal skifte Torkil og Olav om å liggja fremst, men i den aller siste kneiken sneik Torkil seg forbi, og blei beste aurlending til topps. Olav vann klasse 60-64 år med tida 44.39 og Torkil blei nr. 6 i klasse 23-34 år med gode 44.23. Begge meir enn minuttet betre enn i fjor. Også Mario er i god trening etter ein travel vår, og vil truleg vera i godt slag den 27. juli.

468 ad