Pages Navigation Menu

Christina blei krinsmeistar i fire øvingar

Christina  blei  krinsmeistar  i  fire  øvingar

Christina C. Mjøs (J-13) kan meir enn å spela fotball. Laurdag den 17.8. deltok  ho på KM i friidrett i Førde, og kunne etter hektisk dag på stadion reisa heim med fire gullmedaljar i lomma. Kort fortalt blei resultata 8.61 på 60 m, 28.53 på 200 m, 4,34 m i lengde og 1.49.01 på 600 m, og dermed fire turar til toppen av pallen.

Christina deltok tidlegare i sommar på Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm, der det blei to flotte tredjeplassar på 100 m og 200 m, og ho var også med på Verdensungdomsspelen i Gøteborg med gode resultat. 

468 ad