Onsdagar klokka 18:00 er det løpetrening med start frå stadion. Me deler i to grupper, og rettar tibodet inn mot vaksne, ungdom og barn frå 11-12 år. Det vert langtur og intervall-trening annakvar gong. Deretter drill og litt styrketrening. For meir informasjon ta kontakt med Olav Terum eller Torill T. Ebne.
Løyperekord i E-CO Rimstigen Opp
Flinke funksjonærar, god løype og fint ver gjorde sitt til at E-CO Rimstigen Opp også i år vart eit flott arrangement. Ein av Noregs beste motbakkeløparar i kvinneklassen, Karoline Holsen Kyte, toppa det heile med å setja ny løyperekord med tida 28.40 og svenske Marcus Millegård vann herreklassen. Friidrettsgruppa takkar sponsorane for god støtte, Bakka…
Sterk innsats av Jennifer i Verdensungdomsspelen
Jennifer Mjøs (16) persa i helga på 200 m med den gode tida 25.91 i Verdensungdomsspelen i Gøteborg. Det heldt til ein flott 9. plass i det store stemnet på Nya Ullevi, som hadde deltaking frå alle dei nordiske landa. Også på 100 m gjekk det fort, og Jennifer kom til B-finalen der ho blei…
E-CO Rimstigen Opp 29.juli
Motbakkeløpet E-CO Rimstigen Opp, frå Bakka til Rimstigen (725 moh), vert arrangert laurdag 29. juli. Både tur- og konkurranseklasse. Informasjon om arrangementet og link til påmeldingsmodul finn du her.
Friidretts-sesongen er i gang
Jennifer Mjøs (16) og Kristiane Sekkingstad Terum (17) deltok i helga på Framolekene, det største friidrettsstemnet på Vestlandet denne våren. Jennifer sprang ein god 60 meter, og var med tida 8.13 berre 3/100 frå sigeren og tett bak personleg rekord. Kristiane sprang ein bra 400 meter på søndag og blei nr. 1 med tida 61.11 i…
Flåmsdalenløpet 3 Juni 2017
Laurdag 3 june vert det arrangert 1/2 maraton frå Flåm til Vatnahalsen og familierallaren frå Blommheller til Vatnahalsen. dette er eit samarbeid mellom NORDIC SKITEAM, Aurland IL, Vatnahalsenhotell og Flåmsbana. overskuddet går til kreftforreninga. For meir info, www.flamsdalelopet.no flåmsdalenløpet 2017
På treningsleir i Spania
Jennifer og Kristiane prøver seg i år med skikkeleg treningsleir i påsken, og destinasjonen er lagt til Torremolinos i Spania. Her samlast mange av klubbane i Noreg, og på det flotte stadionet i utkanten av byen vrimlar det av friidrettsungdom nesten heile dagen. Klokka 10:00 er det ut på trening, og ettermiddagen blir nytta til…
Skikarusell – laurdag 1. april
Det tredje rennet i skikarusellen blir laurdag 1. april. Det regnar på Østerbø, så det er lite snø og overflatevatn på vatnet. Skiløypa er difor endra. Må vi avlyse rennet i morgon, vil vi gje melding om det her innan kl. 10.00. Velkommen på skirenn!
Håndball avslutning og klubbkveld
Mandag 3.april vert det håndball avslutning og klubbkveld i Aurlandshallen. Klubbkveld med salg av diverse klubbklær og anna relevant trening/fritids klær. Klubbkveld frå kl 17:00 til 20:00 Håndball avslutning starta kl 17:30, kiosk. Gratis lotteri for alle medlemar som registrera seg på klubbkvelden . For dei som ikkje er medlemar så vert det mogleg å…
Skikarusell – laurdag 25. mars
Det 2. skirennet blir laurdag 25. mars. Påmelding frå kl.12.00, rennet startar kl. 13.00. Vi får håpe vi slepp å avlyse/utsetje fleire renn i år, må vi likevel gjere det, vil vi legge det ut her innan kl.10.00. på laurdag. Velkommen på skirenn!
