Aurland IL har årsmøte onsdag 1. februar klokka 19:30 i kommunestyresalen i Rådhuset. Alle medlemar er velkomne. Tillitsvalde, oppmenn og trenarar vert særleg oppmoda om å komma. Servering. Utdeling av Flåm Utvikling sitt idrettsstipend og kåring av årets medlem.
Kampoppsett Veterancup 2017
Veterancup 2017 i Lærdal, Årdal og Aurland: 27. – 28. januar Veterancup-Kampoppsett-2017
Skikarusell 2017
Det første rennet i skikarusellen blir laurdag 18. februar. Meir informasjon og datoar for dei andre skirenna finn du under idrettar over. Vi håpar på at mange blir med på denne kjekke aktiviteten denne sesongen. Det har vore dårleg med rekruttering blant dei minste, vi satsar på at dette snur i år. Vi har i…
DAMELAGET SIN FØRSTE SIGER
Endeleg vart det siger for damelaget! Etter ein sesong der damene har vist framgang vart det endeleg siger for damene! Denne laurdagen reiste damene tidleg avgårde til Eid for å spele kamp. Dei var motiverte for å vise at dette ikkje skulle bli ein enkel kamp for Eid. Allerede etter første omgang leda damene med 4 mål, 16-12. Tidlegare kampar har ein erfart at det til tider raknar i andre omgang. Denne gongen skulle ikkje dette få skje. Damene jobba jevnt og trurtt og klarte å dra i havn sigeren, og det vart 30-29 til Aurland! Denne sigeren trur me er historisk for Aurland damehandball, då me ikkje trur dei har vunne noko kamp i tidlegare sesonger. Difor blei dette feira med oppmøte av leiaren i idrettslaget med andre. Med flagg, ballonger, rosa løper og boblebrus vart dette markert når damene ankom Aurland. Dette var vel fortent. Desse damene har tapt alle kampar, til tider med mykje baklengsmål. Allikevel har dei vist stort pågangsmot, humør og stå på vilje. Stolt av dåke damer. Neste kamp er heime allerede førstkomande laurdag kl 14.00 mot Vik. Satsar på fulle tribuner då.
Handballkampar laurdag 5. og søndag 6.november
Laurdag 5.november var J.10 og J.13 i aksjon i Aurlandshallen. Her var tre gode kamper av aurlandsjentene, og det blei tre flotte sigrar. På J.10 var det mange aktive 4. og 5. klasse jenter som gledde seg masse til å spele i eigen hall. Her var også mange tanter, onkler, besteforeldre og foreldre på tribuna så det var veldig god stemning! Katarine gjorde ein glimrande jobb på benken. Å styre 12 aktive jenter slik at alle får nokolunde lik speletid er ikkje enkelt, men dette klarte Katarine strålande! Første kampen vann jentene mot Syril, og kamp nr to vann jentene mot Syril 2. Fleire av jentene fekk prøve seg i mål, og dei var ikkje redde!!J
J.13 hadde siste kampen i hallen på laurdagen. Dette blei ein veldig spennande kamp. Aurlandsjentene leda 7-2 til pause, men Sogndal kom sterkt tilbake tidleg i andre omgang. Ei stund var det uavgjort 8-8, men jentene hadde bestemt seg for at denne kampen ville dei vinne!! Dei kjempa på, og med eit strålande keeper spel, vann dei til slutt 11-9.
Damelaget var til Gaupne og spelte mot Bjørn. Her var noko bra, og noko mindre bra spel. Resutlatet blei 31-13 til Gaupne.
Søndag 6.nov var J,11 avgårde til Vik og spelte mot Bjørn 2 og Syril. Endeleg blei jentene på J.11 litt tøffare, og dei vann med eit mål mot Bjørn 2. Mot Syril vart det litt tøffaren då dei hadde ein del gode kontringar og klarte å score på desse. Her tapte jentene 7-2.
Deltok på trenarseminaret
Olav Terum deltok i helga på Friidretts Trenerforening sitt seminar i Oslo. Kurset blei arrangert parallellt med den europeiske konferansen for mellom- og langdistanse. Programmet ligg her.
Handballkampar laurdag 29. og søndag 30.oktober
G.10 var avgårde til Årdalstangen og hadde sine første to kampar på stor bane. Desse gutane har spelte minihandball fram til no, så dette var første gong for alle at dei spelte på stor bane. Det blei to spennande kampar, der dei vann den første kampen 8-7 over Bjørn, medan neste kamp tapte dei 7-8…
Handballkampar laurdag 22. og søndag 23.oktober
Jente 10 var avgårde til Gaupne og spelte kamp. For nokon av jentene var dette fyrste gong dei var på handballkamp, og dei var veldig spente. Eit tap og ein siger vart ein flott dag i Gaupne, og jentene var strålande fornøyd! J.13 spelte kamp heime mot Førde, ein spennande og jevn kamp, som enda…
Gjensidige handballskule i haustferien
Mandag, tirsdag og onsdag i haustferien arrangerte handballgruppa handballskule. Her var mange aktive born frå 1-6 klasse. Skulen starta kl 09 og var ferdig 15.00 alle tre dagane. Her var full fart, masse handball, litt teori, men og tid for litt leik. Pauser med frukt, mat, yoghurt og ikkje minst taco på onsdag var populært. Flinke ungdommer stilte opp som trenere!
