Styrke, spenst, kondis og koordinasjon er nødvendig i alle idrettar. Det kan difor vera lurt å delta på basistreninga i Aurlandshallen måndagar klokka 18:00 – 19:00. Me varmar opp med ballspel, har forskjellige øvingar og avsluttar med sirkeltrening. Økta passar for alle frå 12 år og oppover. For å ha utbytte av slik trening er…
Triatlon 1. oktober
SYMJE – SYKLE – SPRINGE Aurland idrettslag ved symjegruppa inviterer til triatlon 1. oktober. Alle frå 6 år kan delta. For vaksne er det denne gongen høve til å melde på bedriftslag, der tre personar gjennomfører kvar sin etappe. Bedrifter, vennegjengar, lag og organisasjonar kan melde seg som bedriftslag. Det blir enkel servering for deltakarar…
Opp- og nedtur i UM
Jennifer Mjøs (15) og Kristiane Sekkingstad Terum (16) deltok i helga på ungdoms-NM (UM) i Sandnes. Det vart ei hendingsrik helg med dramatikk på løpebana, sosialt samver med gode friidrettsvener og bankett med Team Ingebrigtsen laurdag kveld. Jennifer persa på 100 m med tida 12.72 og vart nr. 5 i finalen. Det var ho nøgd med….
Persa på 100 m
Jennifer Mjøs (15) sette laurdag personleg rekord på 100 meter med tida 12.83, då ho blei nummer to i Gneistspelen på Fana stadion. Berre 6/100 skilde Jennifer frå gullet.
Monica Hylland Hjellum tatt ut til spisset gruppe J2002
Monica Hylland Hjellum er tatt ut blant J2002 spisset gruppe i handball. Monica reiser til Bergen 19-21 August og deltar i Framohallen saman med jenter frå Hordaland
HANDBALL KICKOFF
Torsdag 14.09. vil handballgruppa arrangere kick off i Aurlandshallen. Dette er eit tilbod frå 3 klassen og oppover. Invitasjon blir lagt ut på sida her seinare. Sett av datoen!!
GJENSIDIGE HANDBALLSKULE I HAUSTFERIEN
Handballgruppa i Aurland er i år med og arrangerer Gjensidige handballskule i haustferien. Det vil bli arrangert over 3 dagar, mandag, tirsdag og onsdag frå 09 -ca 14.30. Dette er eit tilbod til alle i 1-6 klassen. Det vil og komme informasjon på skulen. Link med meir informasjon kommer.
Påmelding symjegruppa
Hei, Håper alle har hatt en fin sommer. Nå nærmer det seg skulestart og dermed påmelding til symjegruppa. Me satser på oppstart mandag. d. 5 september men dette kan bli utsatt om bassenget ikkje er klart. Oppgradering av bassenget er utsatt og det blir symjing frem til mai neste år, wuhuu!. Det blir foreløpig…
Nær finaleplass på 400 m
Kristiane Sekkingstad Terum sprang ein god 400 meter under Jr-NM (U-20) på Brandbu laurdag og blei nummer to i sitt forsøksheat med tida 59.49. Innleiande runde hadde fem heat, der vinnarane i kvart heat pluss den 6. beste tida gjekk til finalen. Kristiane vart totalt nummer åtte, og mangla berre 59/100 på finaleplass. Ho var likevel svært…
Pers og semifinale på 100 meter
Jennifer Mjøs deltek i helga på Jr-NM (U 20) på Brandbu og sprang eit godt forsøksheat på 100 meter. Ho fekk tida 12.85, kom på andreplass i sitt heat, persa med 1/100 og gjekk vidare til semifinalen. Her blei tida 12.99 og ikkje vidare avansement, men Jennifer fekk i det minste med seg ein ny personleg rekord…
