Jennifer Mjøs (15), Kristiane Sekkingstad Terum (16), Vegard Ebne (13) og Christina Mjøs (10) deltok søndag på andre dag av Nornalekene i Bergen. Jennifer slo til med siger i lengde og solid pers på 5,22 meter. Ny personleg rekord blei det også på 60 meter, der ho fekk resultatet 8.12 og andreplass, berre 3/100 bak Noregs beste…
Siger til J-12 i Gaupne Laurdag
Det vart ein dramatisk avslutning på kampen, då J-12 vann 12-6 over Bjørn i helga. Kampen enda med skade, men heldigvis kunne me etter eit besøk på legevakta, reisa heim i samla tropp.
Fem pallplassar i Bergen
Aurland IL stilte med fem utøvarar i innandørsstemnet Nornalekene i dag, og det blei heile fem pallplassar til aurlendingane. Torstein Veum og Vegard Ebne var med på sitt første friidrettsstemne nokon gong, og gjorde kjempeflott innsats i 13-årskassen. Torstein tok ein overraskande 3. plass på 600 meter med flotte 1.47.04, og Vegard imponerte med tida…
Klatring onsdag 20.01.16
Hei alle klatrarar. Denne veka er det klatregruppa sin tur til å ha barneidretten. Ungdoms- og vaksenklatringa vert difor utsett ein time. Onsdag 20.1 gjeld desse tidene: Ungdomsklatring frå 19.00-20.00, Vaksenklatring frå 20.00 – ca 21.00. Mvh styret i Aurland klatreklubb.
Minihandball på Årdalstangen 16.01.16
3 og 4 klasse var avgårde og spelte minihandball på Årdalstangen 16.01.16. Me hadde guttelag i 3 og 4 klasse, samt 1 jentelag i 4 klasse. Her blei mange sigrar og nokre tap. No gleder me oss til vår eiga turnering søndag 28.februar i Aurlandshallen
Handball J10
Jenter 10 hadde ein kjekk tur til Årdalstangen søndag 10. januar for årets fyrste handballkampar. Det vart eit knepent tap 2-3 mot Jotun/Årdalstangen og siger 6-3 mot Jotun/Årdalstangen 2. Dei gjorde ein kjempegod innsats og det lovar godt for heimekampane 7. februar.
Aurland Kvinner 4.div
Aurland sitt 4.divisjons damelag er stolte av nye draker. Sponsa av Aurland Sparebank.
