Andre rennet i skikarusellen blir laurdag 20. februar på Østerbø. Påmelding vert frå kl.12.00. Rennet startar kl.13.00. For meir informasjon sjå idrettar over. Vert det dårleg ver, vert rennet utsett til søndag 21. februar. Det blir eventuelt kunngjort her innan kl 10.00 laurdag. Det var 46 deltakarar på det første rennet, vi håpar på at…
Handball J10
Søndag 7. februar var det duka for heimekampar for jenter 10. Fyrste kampen spelte vi mot Bjørn 2 og det vart ein flott siger 9-4. Veldig kjekt at mange meldte seg på scoringslista. Andre kampen vart ein tøff kamp mot Sogndal som endte med tap 2-5 trass i godt forsvarsspel. Takk til heimepublikum for støtten….
Skikarusell -vi gjennomfører skirenn i dag 6. februar
Det er -1,5 grader, lette snøbyger og litt vind innimellom på Østerbø no. Vi gjennomfører difor skirenn som planlagt i dag. påmelding frå kl. 12.00. Rennet startar kl. 13.00. Vel møtt!
Jennifer Mjøs fekk idrettsstipend
Kvart år vert Flåm Utvikling AS sitt idrettsstipend på kr. 2000,- delt ut til ungdom mellom 13-19 år som viser særleg talent, har gode resultat og som har dei rette haldningane innafor idretten. Ikkje uventa fekk friidrettsjenta og fotballspelaren Jennifer Mjøs årets stipend. Ho utmerkar seg med friidrettsresultat i landstoppen i sin klasse, og har dessutan vore…
Kristjan Arnason og Gunnar Rosten blei årets medlemar
Under avslutninga til Aurland IL sitt årsmøte delte Terje Merkesdal ut prisen til årets medlemar , og denne gongen gjekk utmerkinga til Kristjan Arnason og Gunnar Rosten. Dei har gjort eit stort arbeid i klatergruppa over mange år, og har mykje av æra for den gode aktiviteten som er i gruppa. Dei har dessutan hatt hovudansvaret for dugnadsarbeidet med den nye buldreveggen i hallen, som…
G-11 handballkamp i Sogndal 30.01
G-11 var laurdag avgårde til Sogndal og møtte Sogndal 2. Me skulle også møte Høyang, men pga uværet blei det ikkje kamp mot Høyang denne gongen. Aurlandsgutane spelte mykje bra, og det blei siger til gutane 14-8. Då det berre vart ein kamp i hallen denne dagen, blei me einige om å ta ein treningskamp….
Årsmelding AIL 2015
Under fana årsmelding kan de no finna ein del av årsmeldinga for 2015.
Årsmøte i AIL onsdag 3. februar
Hovudstyret minnar om årsmøtet i Aurland IL onsdag klokka 19:30 i Kommunestyresalen. Gruppeleiarar, styremedlemar, oppmenn og trenarar bør delta. Alle medlemar er velkomne. Utdeling av Flåm Utvikling sitt prestasjonsstipend, vanlege årsmøtesaker og kåring av årets medlem. Servering. Vel møtt!
Skikarusell 2016 – 1. rennet: laurdag 6. februar
Det første skirennet i skikarusell 2016 vert laurdag 6. februar på Østerbø. Påmelding frå kl.12.00. Rennet startar kl.13.00. Sal av grilla pølser og varm/kald saft. Loddtrekking på startnummer. Sjå meir info. under «Idrettar -ski». Må vi avlyse rennet pga. dårleg ver eller andre forhold, vil vi informere om det her innan laurdag 6.2. kl.10.00. Velkomen…
Veterancup 2016
Fredag 29. januar er det klart for årets veterancup. Første kamp i Aurlandshallen startar kl. 16:15. Aurland sitt superveteranlag spelar i år også mot Manchester United! Det vert som vanleg kiosksal på tribunen. Håpar at fotballinteresserte finn vegen til hallen denne helga! Oppdatert kampoppsett finn de på www.veterancup.no.
