Kristiane Sekkingstad Terum (15) har vore vekke frå friidretten sidan november, men i helga prøvde ho seg på 100 m og 200 m i Stordleikane for å testa formen. Stemnet gjekk bra, og med tidene 27.91 på 200 m og 13.66 på 100 m blei det ein første og ein andreplass. Dette er resultat ein kan vera…
Klasserekordar i E-CO Rimstigen Opp
I E-CO Rimstigen Opp vert det notert klasserekordar. Ei oppdatert liste finn du her. Ordførar Noralv Distad delte ut premiane, og Arvid Gilje var speaker på Bakka.
Resultatliste E-CO Rimstigen Opp 2015
Resultat herrer 2015: Resultat 2015-herrer og resultat damer: Resultat 2015-kvinner
E-CO Rimstigen Opp 2015 blei suksess
Ca 80 personar deltok i konkurranseklassen, kring 120 var med i turklassen og eliteløparen Torbjørn T. Ludvigsen sette løyperekord i herreklassen med tida 24.43. Alt gjekk på «skinner», vèret slo til og både turgåarar og løparar fekk flotte forhold opp den brattte løypa til Rimstigen, 725 moh. I dameklassen blei det ikkje uventa siger til Eli Anne Dvergsdal,…
E-CO Rimstigen Opp nærmar seg
Laurdag 25. juli er det klart for den femte utgåva av E-CO Rimstigen Opp. Konkurranseløparane har byrja å melda seg på, og mykje tyder på at det blir eit godt startfelt. Turgåarane er særleg velkomne, og friidrettsgruppa vonar at mange er på toppen når dei som spring på tid kjem i mål. Startkontingenten i turklassen…
Nr. 2 i Molden Opp
Olav Terum blei i helga nummer 2 i klasse 55-59 år i motbakkeløpet Molden Opp med tida 1.03.48. Løpet har start nede ved sjøen i Marifjøra, og målgang etter 7 km på Molden, 1118 moh. Motbakkeløpet er neste års NM-løype, og kan by på flott løypetrasè med nydeleg utsikt frå toppen.
Til topps på Norges-statistikken
Jennifer Mjøs(14) hoppa seg rett til topps på Norges-statistikken, då ho vann lengde i Hardanger Friidrettsfestival med flotte 5,15 meter denne helga. Dermed betra ho den personlege rekorden frå førre helg, då ho fekk ein sterk andreplass i lengde i Tyrvinglekene i Bærum. Jennifer gjorde også reint bord på sprintdistansane i Strandebarm, og vann 200 m med sterke…
Persa på 60 m i motvind
Jennifer Mjøs sette ny personleg rekord på 60 meter med gode 8.18 då ho blei nr. 6 i finalen på Nadderud stadion laurdag. Berre 6/100 skilde Jennifer frå ein plass på pallen, og finaleheatet hadde alle dei beste 14-åringane i Noreg på startstreken.
Sterk andreplass i lengde
Jennifer Mjøs (14) deltek i helga i Tyrvinglekene, Norges største friidrettsstemne, i Bærum. Ho klinka like godt til med ein sterk andreplass i lengde fredag, berre 7 cm bak vinnaren. Den nye personlege rekorden er no på gode 5,08 m, og det med -3,6 i motvind. Det skal òg leggjast til at Jennifer hadde eit hårfint daudt hopp på…
Flott kamp av G.13/14
G.13/14 møtte tysdag Kaupanger på heimebane. Dette blei ein veldig spennande kamp. Kaupanger starta kampen med leiinga 1-0 etter kort tid. Aurland kom raskt tilbake, og til pause var leiinga 3-2 til Aurland. 2 omgang var veldig spennande og til tider veldig jevnt. Men Aurland drog i lang seieren, og vann til slutt 5-4.
