Lett overskya, eit par minus og litt trekk på Østerbø no. Det har kome ein del nysnø, så det er fine forhold til skirenn i dag!
Minihandballturnering i Aurlandshallen søndag 28.02.
Søndag 28.02 var det duka for Aurland sin tur til å arrangere minihandballturnering. Her var mange 8 og 9 åringar i full aktivitet. Jotun, Årdalstangen og Aurland stilte med gute og jentelag. Eine kampen som vart gjennomført var mellom Aurland jenter 4 klasse, og Aurland gute 3 og 4 klasse. Her blei det ein artig…
Besøk frå FyllingenBergen
Mandag 29.02 var 2 karar fra FyllingenBergen på besøk i Aurlandshallen. Her fekk 42 born i alderen 9-13 år mange gode tips! Med seg hadde dei også sushi som borna/ungdommane fekk smake. Det var handball aktivitet fra 17-21.00. Dette blei ein super kveld med mange gode opplevingar!
Skikarusell – søndag 6. mars
Det tredje rennet i skikarusellen er søndag 6. mars på Østerbø. Påmelding frå kl. 12.00, rennet startar kl. 13.00. For meir informasjon sjå «ski» over. Må vi avlyse pga. dårleg ver vil vi melde frå om det her innan kl. 10.00 søndag. Det var 35 deltakarar på den andre skirennet. Vi håpar at endå fleire…
Klatring 2. Mars – ENDRINGAR
Hei. Det er klatregruppa sin tur til å ha 3 og 4 klasse i barnetrim. Difor lyt me flytte litt på tidene for ungdomsklatring og vaksenklatring denne dagen. Ungdomsklatringa vert frå 19.00 til 20.00 Vaksenklatringa vert frå 20.00 til 21.30. Helsing styret i aurland klatreklubb.
Tok sin andre medalje i UM søndag
Jennifer Mjøs (15) tok søndag sin andre medalje i UM i Steinkjer, då ho sprang inn til ein flott tredjeplass på 200 m med ny personleg rekord på tida 26.39. Alt klokka halv ti om morgonen var Jennifer i gang med forsøksheatet på distansen, og klokka 13.25 var bronsemedaljen sikra. Då hadde ho persa for andre gong…
To sigrar til J-12 Laurdag
J-12 hadde ein god dag då dei møtte Jotun/Årdalstangen 1 og 2 i Aurlandshallen Laurdag. Dei vann begge kampane med god margin, 14-8 og 12-3.
Handballmoro med eliteserielaget FYLLINGEN
Måndag 29. februar køyrer eliteserielaget Fyllingen Lerøy-dagen med handballgruppa i Aurland IL. Dette er eit tilbod til alle spelarar frå 9 – 13 år. Denne kvelden kjem nokre av spelarane på Fyllingen til Aurland og køyrer ein inspirasjonsdag for desse unge spelarane. I pausen får dei servert sushi frå Lerøy. Me gledar oss til dette,…
Minihandballturnering i Aurland 28.02.16
Søndag 28.02.16 gjennomførte handballgruppa i Aurland idrettslag minihandballturnering i Aurlandshallen. Det var Jotun IL, Årdalstangen IL og Aurland IL som hadde lag. Det vart ein fin dag med mykje handballmoro i Aurlandshallen. Kiosken stilte også som vanleg opp med mykje godt, både mat og kaker, men Sara´s smoothie var i særklasse.
MINIHANDBALLTURNERING
Søndag 28.02 er det duka for minihandballturnering i Aurlandshallen. Oppstart kl 10. for 3 klasse og kl 12.15 for 4 klasse.
