Laurdag 27.02 var G.11 i Gaupne og spelte 2 kampar. Første kamp var mot Bjørn 2. Her var stillinga 5-1 til Bjørn 2 til pause. Gutane, samt to jenter, Kine og Marie som hjelpte oss, var noko nedstemte.Dei bestemte seg fort for at dette ville dei prøve å vinne. I andre omgang starta dei raskt…
Tok sølvmedalje i lengde i UM i Steinkjer
Jennifer Mjøs (15) tok laurdag sølvmedalje i ungdoms-NM i Steinkjer, i det som blei ein svært spennande lengdekonkurranse. Heile 27 jenter stilte opp i øvinga, og etter fire innleiande hopp låg Jennifer som nummer tre. Dei åtte beste gjekk deretter vidare til finalen, og Jennifer klatra opp til andreplass med resultatet 5,11 m i det…
Klatring onsdag 24.feb. er avlyst.
Gunna handballkamp lyt me avlyse klatringa onsdga 24.februar. Dette gjeld både ungdomsklatring og vaksenklatring. Beklagar sein beskjed. Mvh styret
SKIKARUSELL
God morgon alle. Lett vind og fine forholde meldes frå Østerbø. Skirenn går som planlagt i dag Laurdag. Velkommen til fjels.
Årsbeste i landet i lengde
Jennifer Mjøs viste storform i lengdegropa søndag, og slo til med årsbeste i landet med resultatet 5,32 m. Heile tre gonger slo Jennifer den gamle persen sin, og siglar opp som ein av storfavorittane til ungdoms-NM (UM) i Steinkjer om to veker. På 60 meter dagen før gjekk det ikkje like bra, då det blei…
Sprek jente med framgang på friidrettsbana
Christina Mjøs (10) har delteke i friidrett i fleire år, og ikkje uventa har ho flott framgang på friidrettsbana. Laurdag deltok ho på Pingvinlekene i Bergen, og fekk flotte resultat på 60 meter (9.70 sek), lengde (3,60 m) og kule (5,34 m). Alt dette er heilt i toppen på resultatlista, men i dei yngste klassane er…
Torstein sprang sterk 1500 m i Bergen
Torstein Veum (13) sprang laurdag 1500 meter i «Pingvinlekene» i Bergen, og debuterte med den knallgode tida 4.51.77. Dette heldt til ein flott 2. plass på distansen. Torstein sprang eit veldisponert løp, der han dei første rundane låg som nummer tre i feltet. Deretter avanserte han til andreplass, og heldt denne posisjonen til mål. Også…
