Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Ni resultat over 1000 poeng på Tyrvingtabellen

Posted on 14/03/2015

Årsmeldinga til Sogn og Fjordane friidrettskrins viser at Kristiane Sekkingstad Terum og Jennifer Mjøs til saman har ni resultat som gir over 1000 poeng på Tyrvingtabellen. Aurland IL har dermed flest 1000-poengnoteringar av alle klubbane i Sogn og Fjordane i 2014. Å oppnå denne poenggrensa heng høgt i friidrettsmiljøet, og dei talentfulle jentene frå Aurland…

Continue Reading

Skirenn – søndag 15. mars på Østerbø

Posted on 11/03/2015

Det andre rennet i skikarusell 2015 er søndag 15. mars på Østerbø. Det er stor flott sol på yr på søndag, flau vind og 1 plussgrad, så denne gangen reknar vi med at vi slepp å avlyse, og at vi får ein strålande dag. Påmelding frå kl.12.00, rennet startar kl. 13.00. Sal av varm og…

Continue Reading

Endringar klatretider onsdag 04.03.15

Posted on 01/03/2015

Hallo alle klatrar. På onsdag er det klatringen sin tur til å ha 3-4 klasse i barnetrim. Vi må derfor endre litt på klatretidene. Barnetrim kl. 18.00 til 19.00. Ungdom 19.00 til 20.00 og vaksen frå 20.00 til 21.30. Håpar dette går bra.

Continue Reading

Skikarusell – 2. rennet – søndag 1. mars- avlyst pga mykje vind

Posted on 23/02/2015

Det andre rennet i skikarusellen i år vert søndag 1. mars. Vi får håpe på fint ver dette rennet også, og enno meir sol!(sjølv om Yr melder om snø, melder heldigvis om lite vind). I fjor gjekk 61 skirenn 1. mars, det var kjekt at så mange var med. Vi ynskjer oss like mange i…

Continue Reading

Skispor på Østerbø

Posted on 15/02/2015

Vinden kom diverre altfor fort og bles igjen dei fine løypene, det var synd. Det er meldt mykje vind dei komande dagane, så det blir ikkje køyrt nye spor før vinden stilnar. Vi oppdaterer nettsida når eventuelle nye spor er oppkøyrde.

Continue Reading

Skikarusell/løype på Østerbø

Posted on 14/02/2015

Vi har hatt ein fin skidag på Østerbø, vindstille og 4-5 minusgrader. Eit par av damene i trimklassa unte seg eit par solpauser i løypa, der sola så vidt titta fram. 23 deltok på det første skirennet, talet skuldast nok at mange er til syden og nokre er sjuke. Fordelen var at alle vann premie…

Continue Reading

Skikarusell

Posted on 12/02/2015

Laurdag 14.2. er første rennet i skikarusellen, som vert fristil. Det er heldigvis kome mykje snø på Østerbø, så i år blir det 3-km løype igjen, det er bra! Vi har fått mange fine premiar frå næringslivet til loddtrekkinga. I år blir det ekstra flott karusellpremie, laga av Merete Rein. Informerer om dette no for…

Continue Reading

Skikarusell på Østerbø 2015

Posted on 05/02/2015

Dato for skikarusell 2015. Laurdag 14. februar ( Dårleg ver; 15., 21., eller 22.2.) Søndag 1. mars (Dårleg ver; 15.3) måtte avlyse pga sterk vind Søndag 15. mars (Dårleg ver; 22.3.) Søndag 22. mars (Dårleg ver 28. eller 29.3.) Laurdag 28. mars (dårleg ver søndag 29. mars) Du fin meir info om du går inn…

Continue Reading

Fekk idrettsstipend på AIL sitt årsmøte

Posted on 04/02/2015

Kristiane Sekkingstad Terum, Jennifer Mjøs og Robin Patanakarun fekk utdelt Flåm Utvikling as sitt prestasjonsstipend på idrettslaget sitt årsmøte onsdag 4. februar. Om Kristiane vart det sagt at ho presterar heilt i Noregstoppen i friidrett, og toppar i 2014 tre løpsøvingar på bane. Jennifer er også sterk i friidrett, og er blant dei beste i sin klasse…

Continue Reading

Kretskampar i Stryn

Posted on 01/02/2015

I helga deltok Jennifer Mjøs på kretslaget (J2001) som spelte kampar mot Nordmøre og Romsdal Fotballkrets, og Sunnmøre Fotballkrets. Jennifer scora begge måla, då det vart tap 4-2 mot Nordmøre og Romsdal. Mot Sunnmøre vart det uavgjort 1-1. På biletet under vert Jennifer gratulert av lagvenninner etter ei av scoringane laurdag.

Continue Reading
  • Previous
  • 1
  • …
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
  • 23
  • 24
  • …
  • 32
  • Next
©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded