Symjegruppa til AIL har no starta opp att med trening i symjehallen i AIS. Sjå meir info under idrettar, symjing.
Basistreninga startar opp
Basistreninga startar opp første måndag etter haustferien, med treningstid frå klokka 18.00-19.00. Treninga passar for alle som satsar litt ekstra på idretten sin, og det vert lagt opp til ei effektiv treningsøkt med fokus på styrke-, spenst-, hurtigheit-, koordinasjon- og reaksjonstrening. Økta rettar seg i hovudsak inn mot 7. klassingar og eldre, men barn frå…
Handball Kick-off
Fredag 19. september arrangerte handballgruppa kick-off føre sesongen 2014/2015. Denne kvelden hadde gruppa fått vitjing frå spelarutviklar i handballkretsen Geir Giil. Etter treninga hadde ein del mødre ordna til med servering av taco. Små og store kosa seg i Aurlandshallen denne kvelden.
26.28 på 200 meter
Kristiane Sekkingstad Terum (14) sprang sin raskaste 200 meter nokon sinne då ho vann Bergenslekene i helga med sterke 26.28. Dessverre var medvinden på 3,2 m/sek, og resultatet er difor ikkje godkjend som personleg rekord og årsbeste i landet, som Kristiane sjølv har med 26.53 frå Stordleikane. Ho debuterte også på 800 m, og tok gullmedalje med tida…
Tok medaljar i krinskamp
Jennifer Mjøs (J-13) og Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) deltok i helga på kretskamp i friidrett mellom Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka. Jennifer imponerte med å ta gull i finalen på 60 m med tida 8.22 og i lengde med solide 5,08 m. På 200 m blei det andreplass med strålande 26.2 (manuell tidtaking) og på…
Oppstart klatring
Grunna ei misforståing angåande opninga av Aurlandshallen kan vi desverre ikkje starte opp med klatring før etter haustferien i veke 42. Beklagar feilinformasjonen. Håpar de tilgir oss dette og kjem sterkt tilbake etter haustferien. Me gledar oss til å sjå gamle og nye fjes.
Step og styrke med strikk og vekter
Dametrimmen startar oppatt veke 36 (2.september). Tysdagar kl. 18.30 vert det Step 1 med blanding av step og styrke med strikkar. Torsdagar kl. 18.00 vert det Step 2 med blanding av step og styrke med vektar. Ein styrer sjølv kor mykje ein vil ta i. Vel møtt!!!!
Årets miniputt-turnering i Aurland
Årets turnering vart arrangert søndag 31. august. For fotball vart det eit kjempefint ver; fin temperatur, overskya og stilt. Under turneringa vart det spelt 93 kampar og scora til saman 477 mål! Biletet under viser 8-åringane frå Aurland som hadde det skikkeleg moro. Takk til alle som hjelpte til med arrangementet!
Flott innsats i KM
Torstein Tokvam (G-12) deltok i helga på sitt første skikkelege friidrettsstemne, då han var med på KM i Byrkjelo som hadde innlagt krinsleikar for aldersgruppa 10-12 år. Torstein gjorde kjempeflott innsats, og persa med heile 12 sekundar då han sprang 600 m på tida 1.58.11. Han deltok også i lengde og på 60 meter, og fekk…
Klatringen startar opp att
Klatringa tek sikte på å starte i veke 37. Håpar å sjå mange nye og gamle fjes Me er klare til ein ny sesong Då skal også den nye buldreveggen vår vere klar!
