Reportasje om E-CO Rimstigen Opp 2014 som ligg på kondis.no finn du her.
Bilete om omtale frå E-CO Rimstigen Opp 2014
Friidrettsgruppa vil takka funksjonærar, sponsorar, samarbeidspartnarar og Aurland Hjelpekorps for stor innsats og godt samarbeid om E-CO Rimstigen Opp i 2014. Album med bilete er å finna på FB-sida til arrangementet. Reportasje på sognavis.no ligg her.
Ein strålande dag med løyperekordar i E-CO Rimstigen Opp
E-CO Rimstigen Opp blei avvikla i topp vèr på laurdag, og May Britt Buer, ein av Norges beste motbakkeløparar i dameklassen sette ein knallsterk løyperekord med tida 29.40. Herreklassen blei vunnen av Øyvind Sundby Heiberg på 25.55, og alle dei 71 løparane som sprang på tid gjorde sterk innsats i den bratte løypa til toppen…
Klassesiger i Kvasshovden Opp
Olav Terum vann i helga klasse 55-59 år i Norgescupløpet Kvasshovden opp i Ulvik på 1.08.01. Sterk varme og mykje væsketap gjorde at farten måtte reduserast monaleg siste del av løypa, men innsatsen heldt likevel til siger. Kvasshovden Opp har start i Ulvik sentrum 10 moh, og målgang etter 7,5 km og 1030 moh. Heimeside…
Ta turen opp Rimstigen laurdag 26. juli
Laurdag den 26. juli er det E-CO Rimstigen Opp, og me oppmodar medlemar i Aurland IL om å delta i turklassen. Her er det ikkje tidtaking, og starten er mellom klokka 10.00 og 11.00. Alle som er med får eit flott kaffikrus som deltakarpremie, og ei flaske Powerade før start. Yngste konkurranseklasse er 13-14 år, deretter 15-17 år,…
Norway Cup 2014
I år deltek Aurland Idrettslag med to lag i det som vert rekna som verdas største fotballturnering. I G13/14 klassen stiller me med eitt lag. I tillegg deltek samarbeidslaget Hafslo/Aurland i G15/16 klassen. For dei som ønskjer å følgja med på korleis det går med våre lag, er det berre å gå inn på www.norwaycup.no….
Hoppa over 5 meter i lengde!
Jennifer Mjøs (J-13) har vist stigande form utover i sesongen, og slo til med knallsterke 5,09 m i lengde under Sparebankleikane i helga som var. Dette er årsbeste i landet, og eit svært flott resultat. Også på 60 m blei det siger til Jennifer, og i tillegg blei det ny personleg rekord og førsteplass på «langdistansen» 600…
Tok gull og bronse i Øresundspelen
Etter Verdensungdomsspelen reiste Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) vidare til Øresundspelen i Helsingborg. Her blei det ny personleg rekord på 300 m med tida 42.09, og ein klar siger på distansen trass vanskelege forhold for sprint. Også på 80 m blei det bestenotering med 10.83, og ein sterk tredjeplass i A-finalen berre 2/100 bak sølv. Biletet viser målfotoet som…
På Världsungdomsspelen i Gøteborg
Jennifer Mjøs (J-13) og Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) har i helga vore med på Nordens største friidrettsstemen på Nya Ullevi. Over 4000 deltakarar frå 12 ulike nasjonar deltok, og jentene frå AIL gjorde det svært så godt. Jennifer kom heilt til A-finalen på 60 m, og blei til slutt nr. 5, berre sytten hundredelar frå…
God sprint av Kristiane
Kristiane Sekkingstad Terum (J-14) tok sølvmedalje på 60 m og bronsemedalje på 100 m i Veidekkelekene i helga som var. Det var ho godt nøgd med, då konkurransen på sprintdistansane har spissa seg mykje til dette året. Også på 400 m gjorde ho eit svært godt løp. Under vanskelege forhold, med til dels mykje vind…
