Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Pallplassar og pers i Lillestrøm

Posted on 29/05/2016

Kristiane Sekkingstad Terum (16) deltok i helga på Romerikslekene i Lillestrøm. Laurdag blei det tredjeplass på 100 m og ny personleg rekord med tida 13.03. Også i forsøket var ho føre den gamle bestenoteringa, og var godt nøgd med endeleg å sjå framgang etter avbrekket i fjor. På 200 m søndag klatra ho eit hakk…

Continue Reading

Sesongopna på Fana stadion

Posted on 15/05/2016

Kristiane Sekkingstad Terum, Jennifer Mjøs og Christina Mjøs deltok i helga på årets første utandørsstemne i friidrett. Formen til dei to eldste er ikkje heilt på plass, men Kristiane var likevel godt nøgd med 60 m og 100 m der ho nesten er på nivå med personlege rekordar. På begge løp blei det 2. plass,…

Continue Reading

Sprang Storehaugen Opp

Posted on 15/05/2016

Lærdal IL arrangerte som alltid eit prikkfritt motbakkeløp til Storehaugen 908 m.o.h, og fleire aurlendingar var på startstreken. Løypa er 3,7 kilometer lang, og har ei stigning på omlag 25 prosent. Olav Terum blei nr. 2 i klasse 55-59 år med tida 42.58. Formen til veteranen ser ut til å halda seg rimeleg bra, då…

Continue Reading

Vann KM i terrengløp for Akershus

Posted on 05/05/2016

Sander Sekkingstad Terum har ikkje konkurrert på ei stund, men er komen i bra trening og stilte difor opp i KM i terrengløp for Akershus torsdag 5. mai. Det 2,7 kilometer lange løpet gjekk flott, og Sander stakk av med sigeren i det litt magre seniorfeltet på tre løparar. Han var godt nøgd med tida 8.48 i…

Continue Reading

Voss cup?

Posted on 16/04/2016

I helga var J.10, G.11 og J.12 avgårde til Voss på Voss cup. Her hadde dei det mykje moro både på og utanfor bana. Litt vinn, litt tap. Godt samhald både på og utanfor bana!

Continue Reading

Handballavslutninga 11/4

Posted on 15/04/2016

Store og små hadde det moro på avslutninga! G.11spelte 5-5 mot pappalaget, j.12 hadde ein strålande kamp mot mammalaget og j.15 spelte kjempebra mot mamma/pappa laget og uavgjort mot damelaget????

Continue Reading

Siste klatring for sesongen

Posted on 14/04/2016

Hei. Me vil informere om at fredag 22.april er siste klatring for sesongen. Det er ikkje lenger vakt i hallen, og difor ynskje om at aktiviteten sluttar då. Me sjåast til hausten. Mvh Styret i Aurland klatreklubb.

Continue Reading

G.11 sine siste seriekampar

Posted on 11/04/2016

Laurdag 9.april reiste aurlandsgutane til Årdalstangen for å spele dei to siste seriekampene. Først ute var kampen mot Bjørn. Her kjempa gutane frå første stund! Mange gode scoringar, og ikkje minst gode redninger frå keeper Asbjørn Ryum Marsh. Gutane spelte veldig bra, og var flinke til å gjere kvarandre gode! Me vann 15-11 Andre kampen…

Continue Reading

Skikarusell – laurdag 19. mars

Posted on 17/03/2016

4. skirennet i skikarusell 2016, bygdeskirennet, er palmelaurdag 19. mars. Påmelding frå kl. 12.00, rennet startar kl. 13.00. For meir informasjon sjå idrettar over. Karusellpremie til dei som har gått tre renn. Vel møtt!

Continue Reading

Årsbeste i landet på 600 m

Posted on 14/03/2016

Jennifer Mjøs (15), Kristiane Sekkingstad Terum (16) og Kristina Mjøs (10) deltok i helga på Bamselekene i Stangehallen på Hamar. Jennifer sprang ein svært bra 600 m, og med tida 1.44.35 og førsteplass, ligg ho på toppen av landsstatistikken på denne distansen i år. Jennifer blei dessutan nummer to på 60 meter, i det som var eit…

Continue Reading
  • Previous
  • 1
  • …
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • …
  • 32
  • Next
©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded