Skip to content
Menu
Aurland Idrettslag
  • Medlemskap
  • Nyttig informasjon
    • Treningstider
    • Lagsbuss
    • Hallvaktordninga
    • Verv i idrettslaget
    • Årsmelding
  • Idrettar
    • Fotball
    • Handball
    • Friidrett
    • Barneidrett
    • Ski
    • Corebar/Step/Styrke
    • Boksing
    • Klatring
    • Symjing
    • Dykking
  • Bilete
    • Fotball
    • Friidrett
    • Volleyball
    • Boksing
    • Ski
  • Våre sponsorar
  • Logg inn
Aurland Idrettslag

Resultat E-CO Rimstigen Opp 2016

Posted on 30/07/2016

Resultat frå årets løp ligg her: Kvinner Menn. Reportasje i Sogn Avis og Kondis  finn du ved å klikka på linkane.

Continue Reading

E-CO Rimstigen Opp laurdag 30. juli

Posted on 20/07/2016

Laurdag 30. juli er det klart for den 6. utgåva av Rimstigen Opp, ein flott tur og eit utfordrande motbakkeløp frå Bakka til Rimstigen, 725 moh. Me lovar deltakarpremiar til alle som deltek i tur-og konkurranseklassen, mange premiar på loddtrekning og sjølvsagt klassevinnarpremiar til dei som spring på tid. Dessutan er det pengepremiar til tre beste…

Continue Reading

Berre ein tidel frå kravet til senior-NM

Posted on 02/07/2016

Kristiane Sekkingstad Terum sprang ein sterk 400-meter på Nya Ullevi laurdag kveld. Den nye personlege rekorden er no på 59.10, berre 11 hundredelar frå kvalifiseringskravet til senior-NM. 55 jenter deltok i løpet, og desse var frå klassane 16 og 17 år. Kristiane blei beste norske i 16-årsklassen, nummer fire av alle i 2000-årgangen og totalt…

Continue Reading

Pers og 8. plass i finalen

Posted on 02/07/2016

Jennifer Mjøs gjekk vidare til finalen på 80 m i Verdensungdomsspelen og slo til med ny personleg rekord på distansen. Tida 10.49 heldt til 8. plass, noko Jennifer var godt nøgd med i den knallharde konkurransen på Nya Ullevi.

Continue Reading

Til A-finalen på 80 m i Göteborg

Posted on 02/07/2016

Jennifer Mjøs og Kristiane Sekkingstad Terum deltek i helga på Verdensungdomsspelen i Gøteborg, Sveriges største friidrettsstemne. Jennifer var i elden alt klokka 09:00 laurdag morgon, og sprang seg rett til A-finalen på 80 m med tida 10.54 og dermed ny personleg rekord. Nesten 100 jenter var med i forsøket. Finalen er klokka 13:10 og i…

Continue Reading

Sterk 2. plass på 400 m

Posted on 20/06/2016

Kristiane Sekkingstad Terum (16) tok turen til Lillehammer og Veidekkelekene i helga, og angra ikkje på det. Laurdag blei det ein sterk andreplass på 400 m med tida 60.04, berre fire tidelar bak pers. Løpet blei svært spennande, og då løparane i det beste heatet kom ut på oppløpssida var det tre jenter som kjempa om sølvmedaljen….

Continue Reading

Tok revansj på 200 m

Posted on 20/06/2016

Jennifer (15) og Christina Mjøs (10) deltok i helga på Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm. Best nøgd var Jennifer med førsteplassen på 200 m, der ho fekk tida 26.25 og revansj på jenta som slo ho med 4/100 på 100 m dagen før. Då blei det bronse med 13.02, og i tillegg fekk ho andreplass i lengde. Christina hadde flotte resultat i…

Continue Reading

Tok sølv og bronse på Nadderud

Posted on 13/06/2016

Jennifer Mjøs (15) var i kjempeslag i helga, og nådde to av årets mål då ho sprang under 26.00 på 200 m og under 13.00 på 100 m. Fredag kveld blei det ein imponerande andreplass på den lengste distansen i Tyrvinglekene med 25.97. Søndag var det forsøk og finale på 100 m, og alt i…

Continue Reading

Fleire pallplassar på Fana stadion

Posted on 04/06/2016

Jennifer Mjøs (J-15) slo til med nok eit godt løp på laurdag, og sette utandørspers på 60 meter med  8.15. Motvind på 3,0 indikerer at ei tid på 7-talet så absolutt er innan rekkevidde. Også Kristiane Sekkingstad Terum (J-16) gjorde eit bra løp, og blei nummer tre i sin klasse på same distanse.

Continue Reading

Jennifer persa på 200 m

Posted on 03/06/2016

Jennifer Mjøs (J-15) og Kristiane Sekkingstad Terum (J-16) deltek i helga på storstemnet Framolekene i Bergen. Begge gjorde flotte løp fredag, og Jennifer sette ny personleg rekord på 200 m med tida 26.24. Dette heldt til ein 3. plass i J-15. Kristiane sette ein sterk årsbeste med tida 26.69, tett bak personleg rekord som er 26.54, og…

Continue Reading
  • Previous
  • 1
  • …
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • …
  • 32
  • Next
©2026 Aurland Idrettslag | WordPress Theme: EcoCoded